PERSONBIL

KLASSE B

Opplæringa i klasse B er delt inn i fire trinn:

  • Trinn 1 – Trafikalt Grunnkurs

  • Trinn 2 – Grunnleggende opplæring

  • Trinn 3 – Trafikal del

  • Trinn 4 – Avsluttande opplæring

Hensikta med denne inndelinga er at eleven skal utvikle seg og modne over tid, og for å få ei trinnvis innføring. Du kan lese meir om dei ulike trinna på Statens Vegvesen sine nettsider. På bakgrunn av dette anbefalar vi at opplæringa blir gjennomført over tid, med tanke på læringsutbytte. Vi anbefalar vidare også at elevane øver mykje privat mellom køyretimane, og at trafikkskule, elev og ledsagar samarbeidar tett om opplæringa.

Frå 01.01.2018 begynte Rotevatn Trafikkskule, som ein av dei få, å sende elev og føresatte ein rapport etter kvar køyretime. Denne rapporten inneheld ein oversikt over elevens saldo, attendemelding frå siste køyretime, køyrestil, henvisning til kva filmar eleven bør sette seg inn i frå Teorifilm.no, samt informasjon om når neste køyretime føreligg.

Avbestillingsfrist er 24 timar før avtale, men er timen på ein mandag, må denne avbestillast fredag som reknast som siste virkedag.

Priser

Velg kategori for å se gjeldende priser.

TypeVarighetPris
Trafikalt grunnkurs m/ mørkedemo17 t3850,-
Trafikalt grunnkurs u/ mørkedemo14 t2100,-
Mørkedemo3 t1750,-
Førstehjelpskurs (over 25 år)180 min900,-
Trafikant i mørket135 min1750,-