Trafikklærar

Vi søker no etter trafikklærar for klasse TGK, B og BE, med hovudfokus på undervisning i klassene B og TGK. Søkar må ha trafikklærarutdanning frå Statens Trafikklærerskole/HINT. Den tilsette vil verte tilknytt Skårbrevik Aut. Trafikkskule AS og vårt kontor på Moa.Søkar må ha gode evne til kommunikasjon og samarbeid, samt vere opptatt av å skape eit godt og trygt læringsmiljø både i klasserom og praktisk undervisning. Stillinga krev ein person som kan planlegge og gjennomføre kurs- og undervisningsopplegg som inngår i skulen sitt opplæringstilbod.Vi ønskjer ein person som er ansvarsfull, engasjert, sjølvstendig og løysingsorientert.Vi kan tilby ein spennande og variert jobb i eit godt arbeidsmiljø. Skulen har eit sterkt fokus på fagleg utvikling, og trafikklærarane ved skulen dreg nytte av å vere ein del av ei stor faggruppe med lang og grundig erfaring innan trafikkopplæring. Trafikkskulen er også representert i regionale og nasjonale faggrupper for MC, og har eit godt nettverk for erfaringsutveksling og kompetansebygging.

Vi tilbyr gode vilkår, aktuelle kurs for eigenutvikling, konkurransedyktig lønn og OTP.

Søknad med CV kan sendast per e-post til dagleg leiar Kjell Erik Rotevatn, kjell.erik.rotevatn@gmail.com

 

Søknad

Søknadsfrist: 01.03.2020

Send søknad til: kjell.erik.rotevatn@gmail.com

Stillingstittel: Trafikklærer

Sted: Brusdalsvegen 20, 6011 Ålesund

Ansettelsesform: Fast

Heltid/deltid: Heltid

Antall stillinger: 1

Sektor: Ikke oppgitt

Arbeidsdager: Ukedager

Arbeidstid: Dagtid

Oppstart: Etter avtale

Kontaktperson for stillingen

Kontaktperson: Kjell Erik Rotevatn

Stillingstittel: Dagleg leiar

Telefon: +4791553694

Epost: kjell.erik.rotevatn@gmail.com

Om arbeidsgiveren

Arbeidsgiver: Skårbrevik Aut Trafikkskole As

Adresse: Brusdalsvegen 20, 6011 Ålesund

Hjemmeside: https://www.skarbrevik.no/

Skårbrevik Aut. Trafikkskule AS er ein del av Rotevatn Trafikkskule AS, og tilbyr undervisning i kl. B, BE/B96, A/A2/A1 og TGK. Rotevatn Trafikkskule AS har til saman 21 tilsette, og er med dette den største trafikkskulen mellom Bergen og Trondheim. Skulen har undervisningslokale i Volda, Ulsteinvik og Moa, og underviser på heile Søre Sunnmøre.

Om annonsen:

Sist endret: 08.01.2020

Hentet fra: Stillingsregistrering

Referanse: e175229d-1bc5-4a7d-bf7c-dd528ecf9563

Stillingsnummer: 533041