TRAFIKALT GRUNNKURS

FØR ØVEKØYRING

Innleiing

Før du kan ta køyretimar eller øvingskøyre, må du ta trafikalt grunnkurs. Når du har fullført trafikalt grunnkurs, får du eit bevis som gir deg rett til å øvingskøyre.

Sjå ditt øvingskøyringsbevis
Logg inn her for å sjå beviset

Trafikalt grunnkurs er obligatorisk, og varer 17 timar. Det vil gi deg grunnleggande forståing for kva det inneber å vere førar. Du må vere minst 15 år for å ta kurset på ein trafikkskole, men du kan også ta kurset i 10. trinn på ungdomsskolen.

Kva lærer du på Trafikalt Grunnkurs?

  • Trafikkopplæringa

  • Trafikk og førarrolla

  • Mennesket i trafikken og samhandling

  • Trafikkopplæring, øvingskøyring og køyreerfaring

  • Plikter ved trafikkuhell og førstehjelp

  • Tiltak ved trafikkulykke

  • Trafikant i mørket (Mørkekøyring)

Bevis for øvekøyring

Beviset finn du også på nett under Di side (innlogging via ID-porten). Utskrift eller bilde av beviset frå nettsidene er ikkje gyldig som bevis om du blir stoppa i kontroll når du øvingskøyrer, du må logge inn og vise nettsida. Du kan sjølvsagt også vise papirversjonen av beviset som du har fått av Statens vegvesen. Når du loggar inn i Di side/Ditt førarkort, ser du også kor langt du er komen i føraropplæringa di.

Ofte stilte spørsmål

  • Når du har gjennomført trafikalt grunnkurs er det ingen tidsavgrensing på beviset så lenge reglane ikkje blir endra. Tar du kurset i perioden 16. mars – 31. oktober utan å få gjennomført mørkekøyring, må du sjå på beviset ditt for å vite når på året, eller kor lang tid framover, det er gyldig. På nettbeviset i Di side kan du enkelt sjå om mørkekøyring er gjennomført og om beviset er gyldig eller ikkje.

  • Logg inn på vegvesen.no/dinside og finn beviset ditt der. Du kan også ta kontakt med ein trafikkstasjon for å få tilsendt eit nytt.

  • Da er det ikkje naudsynt å ta trafikalt grunnkurs.

  • Da er du fritatt for delar av trafikalt grunnkurs, og kan køyre utan øvingskøyringsbevis. Hugs alltid å ha med deg legitimasjon. Førstehjelp og mørkekøyring er obligatorisk for alle. Mørkekøyring kan gjennomførast etter prøven dersom du tar prøven i tidsrommet 16. mars – 31. oktober.


Type Varighet Pris
Trafikalt grunnkurs med mørkedemo 17 timer 3600,-
Trafikalt grunnkurs uten mørkedemo 14 timer 1950,-
Førstehjelpskurs (kun for elever over 25 år) 180 min 800,-
Mørkedemo 135 min 1650,-

Priser

Alle timer/avtaler som ikke benyttes, eller blir avbestilt etter fristen på 24 timer må betales i sin helhet. Det er 48 timers avbestillingsfrist på all obligatorisk opplæring.